Aasenkvartalet, Kunnskapskilometeren og innovasjonsløkka i Volda

Aasenkvartalet, Kunnskapskilometeren og innovasjonsløkka i Volda

Annen universitet-, høgskole- og forskningsbygning

Om prosjektet

Campusområdet for Høgskulen i Volda skal huse undervisnings- og kulturareal i samlokalisering med framtidsretta næringsaktivitetar og eit hotell. Vinnarprosjektet «og den leiken den ville han sjå» er gjort i givande samarbeid med SAAHA og Lala Tøyen.

Utvidinga av høgskulen sitt campusområde utførast i 3 byggetrinn, der det ved fullendt utbygging vil bestå av 3 bygningsvolum og utgjere tilsaman ca. 32 000 kvadratmeter. Aasenkvartalet skal vere eit transparent, ope og tilgjengelig kvartal, som forsterkar dei eksisterande kvalitetane til campus samtidig som det skal forsterke koblinga mellom campus og resten av Volda. Hovudvekta i konkurransen er lagt til 1 byggetrinn, som vil danne eit endepunkt for den sentrale «Campusaksen», som definerer og knyt saman høgskuleområdet. Bygget vil ligge sentralt og synlig ved ny trasé for kyststamvegen E39, og framstå som eit «velkomstbygg» for Høgskulen i Volda.

Ein stram struktur dannar grunnlaget for organiseringa av bygningane, der ei leiken tilnærming til grid og struktur skapar spanande innhuk, terrasseringer, atrier og romforløp. Byggetrinn 1 henvender seg offentleg mot syd med ein stor og solfylt forplass, nær kollektiv, sykkel og gangveg. Mot nordaust er inngangen lagt mot eit samlande torg og eit større parkområde som knyt heile campus saman. Dei to inngangane er aksentuert ved å vere inntrukne i bygningsvolumet, og er forbundne med ein allmenning som går diagonalt gjennom hovedplanet. Allmenningen knyt saman indre gårdsrom, der overlyset følger den diagonale rørsla igjennom bygget, og forsterkar med det allmenningen som ei offentleg gate innandørs.

Aasenkvartalet, Kunnskapskilometeren og innovasjonsløkka i Volda, bilde 2
Aasenkvartalet, Kunnskapskilometeren og innovasjonsløkka i Volda, bilde 3
Aasenkvartalet, Kunnskapskilometeren og innovasjonsløkka i Volda, bilde 4
Arkitekten bak prosjektet

Vil du vite mer om Ratio Arkitekter AS?

Se flere referanseprosjekter, fagområdene deres og hvordan du tar kontakt på bedriftsprofilen.

Gå til bedriftsprofilen

Flere prosjekter fra Ratio Arkitekter AS

Et utvalg av de andre referanseprosjektene til firmaet

Se alle